Tag Archives: debatt

Kulturo.no legges ned

Idag vart det kjent at nettstaden Kulturo.no blir lagt ned innen året er omme.

Eg har jo vore filmskribent for Kulturo i litt under eit år, og det er synd at vi må gi oss no. Nivået var på god veg oppover og eg trur at med litt meir satsing så kunne det med tida ha blitt ein av Noregs fremste nettportalar for film og musikk.

Ei av dei store styrkene i Kulturo var den nære kontakten vi hadde med lesarene der vi gjennom forumet stadig endte opp i interessante – og nesten alltid konstruktive – diskusjonar med brukarane. Utifrå reaksjonane på forumet å dømme verkar det som om dei og satte pris på arbeidet vi gjorde.

Det å gå i dialog med lesarane er noko ein del andre redaksjonelle nettsider kan bli flinkare på. Sjølvsagt har det med storleik og økonomi å gjere, men det er så mange lesarar der ute som sitter inne med solid kunnskap som journalistane kan dra nytte av. Å vere imøtekomande ovanfor lesarane er og ein fin måte å unngå «trolling» på, då det engasjerer til verkeleg debatt og ikkje berre til vurdering om saken er godt skrevet eller ikkje.

No mista eg litt fokus her, men tilbake til postens utganngspunkt så kjem eg til å savne Kulturo.no. Både som kulturportal, men og som basis for diskusjon.