Monthly Archives: april 2008

Tidenes verste filmskurk

Filmskurkar kjem i alle formar, fasongar og sinnstilstandar, og Kulturo.no kåra forleden dag tidenes verste. Mine bidrag var Norman Bates, Patrick Bateman, Hannibal Lecter og Annie Wilkes.

Eg kan jo og legge ved linkar til mine siste filmanmeldingar frå den same sida. Control, Two and a Half Men – Sesong 3, Nancy Drew og Jungeldyret Hugo har alle vore under lupen, og av dei var Control etter mi meining den beste.

Advertisements

Puppet Show

Eg og min romkamerat Tom lagde ein teikneserie for ei tid tilbake, der eg skreiv manus og fargela medan han teikna. Serien handlar om to hånddukker, som forsøker å drive med allmennopplysning, men som desverre ikkje er dei to skarpaste knivane i såret.

For omlag ei veke sidan la eg den ut på nettserier.no, og i skrivande stund har den blitt lest 1400 gangar, og fått nokolunde positiv respons. På grunn av tidsproblem er det litt tvilsomt om det blir fleire striper enn dei 12 som er allereie er produsert, men vi får sjå kva som skjer. Du kan sjå fleire striper frå serien her

Tidenes Beste Soundtrack

Ny toppliste på Kulturo.no, i form av kåringa av tidenes beste soundtrack

Mine bidrag er American Beauty og Den Fabelaktige Amelie Fra Montmartre.

Rejected av Metacafe

Eg driv jo for tida med å legge ein del av det eg har laga ut på nett, og idag var turen komen til årsoppgåva mi frå Møre Folkehøgskule «Mysteriet Kvinnen». Filmen inneheld eit par sex- (under ei dyne) og valdsscener, men eg hadde trudd at sidan dei er teikna, og at det tydeleg kjem fram at dei er humoristisk motivert, så trudde eg at det skulle gå greit. Der tok eg feil, og like etter at filmen var lagt ut på Metacafe vart den trukket, med beskjeden «Rejected (Inappropriate)».

At videoen er uanstendig skal dei sjølvsagt få lov til å meine, men det som er litt festlig er at den same filmen har vore ute på snutter.no i nesten eit halvt år no, utan liknande reaksjonar. Så enten er vi mindre nærtakande her i Noreg, eller så blir filmen meir støtande om ein ikkje kan språket (den er på norsk).

Sjå filmen her, og bedøm sjølv:)

Første post

Då var bloggen online. Forhåpentlegvis skal det bli ein samleplass for mykje av det eg tar meg til på nett, dvs filmar eg legg ut, artiklar eg skriv o.l

Eg kan jo begynne med å legge ut ein link til anmeldinga mi av 27 Dresses på Kulturo.no. Eg prøvar her å gje ei kort forklaring på kva eg meinar er oppskrifta på ein vellykka romantisk komedie. Dette er hverken forankra i filmteori eller gått i dybda på, men det kan jo fungere som ei grei innleiing til djupare diskusjon.