Rejected Saw Trap #2 og ein Twist-ending ute av kontroll

november 10, 2009 · Kommenter innlegget

Er vi eigentleg for gamle til å surre rundt med lause parykker og dårlege aksenter, medan vi prøver å etterligne amerikanske filmar?

Ja det er vi nok.

Men er det kjekt?

Ja du verda!

Takk til Tore Urke og Gjartrud Kolås for herlig skodespel!

Videoane i Saw-serien vår har sålangt fått gode seertall, med like over 100 000 treff totalt. Då vi begynte å produsere igjen i haust, satte vi oss som mål å få 40 000 treff i snitt på alt vi legger ut. Dette er kanskje for ambisiøst, men det skal ikkje vere heilt uoppnåeleg. Om vi klarer det vil tida vise.

Mål nummer 2 på planen var å prøve å auke produksjonen til 1 video i veka. Dette har vi foreløpig lagt litt på is, sidan dei videoane som får mange treff, som regel også er dei som tar lang tid å lage. Men om vi får skinnelagt produksjonen litt meir på nyåret så trur eg vi kan klare det.

For tida held vi på med oppfølgjarane til Harry Potter and the Outcasts of Hogwarts, men på grunn av eksamen og andre jobbar blir dei nok ikkje klare før i byrjinga av desember ein gong.

Kategoriar: Uncategorized

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget